Tilbod på prosjektet opprusting av veg til Holevatnet

I forbindelse med rehabilitering av dam Holevatnet må eksisterande veg til Holevatnet forbetrast. Holevatnet er i dag vassforsyning til både Stryn sentrum samt bygge- og hyttefelt høgare opp mot Holevatnet.
Prosjektet inneheld blant anna opprusting av vegen for å tole anleggstrafikk.

Stryn kommune ønskjer tilbod på prosjektet Opprusting av veg til Holevatnet. 

Interesserte må sjølv laste ned konkurransegrunnlag frå Doffin.no, referansenummer: 161172

Frist for innlevering av tilbod er onsdag 16. mai 2018 kl 12.00.