Tilbod på prosjektet reservevassforsyning Loen – Stryn

For å forsterke vassforsyninga i Loen og Stryn, ønskjer Stryn kommune å legge ei overføringsleidning i sjø mellom Loen og Stryn.

I tillegg skal det leggast sjøleidning frå eksisterende vasskum i Solvik til Marsåvika, og vidare over fjorden til Ugla.

Prosjektet inneheld blant anna VA-grøfter med tilhøyrande kummar og rørleggararbeid i landtaka og totalt tre sjøleidningar.

Prosjektet heiter på Doffin: Vannledning Loen – Stryn (referansenummer 224679)

Frist for innlevering av tilbod: 07.06.2018 kl.14.00.