Tilskot til dyr på beite for 2017

Har du hatt dyr på beite, men ikkje søkt beitetilskot for 2017? Ta kontakt med Stryn kommmune ved Amund Hjelle tlf 57 87 47 20 for å etterregistrere opplysningane.

Fleire foretak som har hatt dyr på beite/ utmarksbeite, har ikkje ført opp dyr på beite/ utmarksbeite i søknaden om produksjonstilskot for 2017.

Gjeld dette deg?
Kontakt kommunen innan 25. april for å få dyra etterregistrert og få utbetalt beitetilskot.
Dette gjeld også dersom du gløymde å oppdatere søknaden med dyr som blei sanka frå utmarksbeite etter 15. oktober.

Du kan også sende e-post til amund.hjelle@stryn.kommune.no
Hugs å oppgje antal dyr som oppfyller krava til beitetilskot /utmarksbeitetilskot.

Alle foretak som søkte om produksjonstilskot i 2017 har fått informasjon om dette i Altinn.