Tilskot til klart språk Sogn og Fjordane

Kommunar i Sogn og Fjordane får til saman 165 000 kroner til språkarbeid. Kommunane som får stønad er Stryn, Gloppen, Stad 2020 (Eid og Selje) og Sunnfjord (Naustdal, Gaular, Jølster og Førde). Sogn og Fjordane fylkeskommune får tilskot saman med Hordaland. 

KS har delt ut totalt 1,1 millionar kroner til språkarbeid i 34 kommunar og fylkeskommunar. – KS vil motivere til å komme i gang med klarspråksarbeid. Den byråkratiske skrivestilen har vore prega av tungt språk og smitte frå kompliserte lovtekstar. Klarspråk handlar om å setje seg i lesarens stad og skrive så folk forstår, seier områdedirektør i KS, Inger Østensjø.

Støtta skal mellom anna gå til skrivekurs og til å forbetre brev, skjema og nettekstar.

– Kommunar og fylkeskommunar har dei same oppgåvene og kommuniserer med like målgrupper. Derfor er potensialet for deling stort, seier Østensjø.

Stor interesse

– Vi er glade for at interessa har vore så stor. Det viser at mange kommunar og fylkeskommunar ønskjer å ta tak i språket sitt. Dei kommuniserer med innbyggarar i alle livets fasar, og av og til i sårbare situasjonar. Da er språket ekstra viktig, seier Østensjø.

I juryen sit representantar frå kommunesektoren, Språkrådet og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Kommunal- og moderniseringsdepartementet er med på å finansiere KS-programmet.