Tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel

Frå og med 2019 vert det tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med nedfelling eller nedlegging. Tilskotet er ein del av regionalt miljøprogram i Vestland, søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel

 

Nedlegging eller nedfelling?

Dette er skilnaden på dei to ulike metodane:

  • Nedlegging: Vert òg kalla stripespreiar, blekksprut (slangespreiar). Gjødsla vert lagt i striper på bakken, med 20- 40 cm avstand.
  • Nedfelling: Gjødsla vert plassert ned i jorda, td skutt ned i jorda med høgt trykk /DGI), eller det blir laga furer i jorda som gjødsla blir plassert i.

Ved nedfelling kjem ikkje gjødsla i kontakt med lufta, slik at tapet av ammoniakk til lufta vert mindre enn ved nedlegging. Men ved nedfelling kan plantene bli tilgrisa av jord, utstyret er tyngre slik at det er fare for meir jordpakking og grasrøttene kan bli skada. I tillegg er nedfellingsutstyr dyrare enn utstyr til nedlegging.

Bruk av tilførselsslange istaden for vogn gjev mindre jordpakking på arealet. I Hordaland har det før vore eit krav om bruk av tilførselsslange for å få tilskot til nedlegging. Det er ikkje lenger krav om bruk av tilførselsslange, men det er bra både for klimaet og for lommeboka å bruke tilførselsslange ved spreiing av gjødsla.