Tilskot til tiltak i beiteområde

Formålet med tilskotet er å legge til rette for best mulig utnytting  av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Søknadsfristen er 1. mars.

Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære.

Døme på aktuelle tiltak:

•    Sanke- og skiljeanlegg
•    Bruer dimensjonert for dyr og folk
•    Sperregjerder for å sikre at dyr ikkje kjem over i farleg område
•    Elektronisk overvakingsutstyr
•    Informasjonsmateriell/skilting

Søknad

Beitelag sender søknad om tilskot til kommunen.
Søknadsfrist 1. mars. Hugs nødvendige vedlegg, som kart og løyver mm.
 

Her finn du søknadsskjemaet
 

Stryn kommune: Retningslinjer for tildeling av tilskot til tiltak i beiteområde 2021-2025 (PDF, 116 kB)
 

Forskrift om tilskot til tiltak i beiteområde