Tips og inspirasjon til ein tur i naturen kvar dag

#1omdagen kan gjere koronakvardagen litt betre! Når dei vanlege aktivitetane forsvinn, er det lett å bli passiv innandørs. Med bodskapet #1omdagen vil Norsk Friluftsliv inspirere alle til å kome seg ein tur ut kvar dag. Alle har godt av ein tur ut i frisk luft kvar dag

#1omdagen er ei oppmoding om å kome seg ut i frisk luft dagleg. Det passar dermed godt som eit nyttårsforsett for alle som ønskjer å gjere noko godt for seg sjølv denne spesielle vinteren.

– Vi gjer dette fordi vi veit at det å kome seg ut i frisk luft senkar stressnivået vårt, og gjer at vi har det betre, sier generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Bente Lier.


Du treng ikkje gå langt

Terskelen for å bli med kan ein leggje så lavt eller høgt ein sjølv måtte ønske. Ein treng ikkje å vere spesielt aktiv for å delta. Berre det å nyte ein kopp kaffi i det fri tel.

–#1omdagen kan vere alt fra å setje seg på ein benk eller ein stubbe, til å rusle ein liten tur, eller finne ein stad utandørs der du kan nyte kveldsmaten. Målet er berre å kome deg ein tur ut døra, sier Lier.

Norsk Friluftsliv håpar at så mange som mogleg ønskjer å delta på utfordringa, og oppmodar derfor også kommunar, frivilligsentralar, lokale lag og foreningar og andre til å vere med å spre bodskapen. Del gjerne bilde eller video på Facebook eller Instagram med #1omdagen.
 

Ti tips til måtar å få ein tur ut kvar dag

  • Gå ein tur og ring ein ven eller lytt til din favorittpodkast

  • Luft hunden til nokon

  • Ta lunsjen eller middagen ute i dag

  • Lån utstyr hos din næraste utlånssentral og prøv ein ny friluftsaktivitet

  • Gå ut og tenn eit bål med ei nærkontakt

  • Gå ein tur med hovudlykt

  • Er det snø – finn fram akebrettet og leik deg i næraste bakke

  • Nyt morgonkaffen din i husveggen eller på ein benk

  • Utforsk ein ny veg i nabolaget

  • Gå på skøyter

Ønskjer du fleire tips til ting å finne på ute? Sjå mange fleire tips til #1omdagen her.

Les meir om kampanjen her!

God tur!

Fordelane ved å kome seg ut i naturen er godt dokumentert. Ein amerikansk studie frå 2020 viste at 10 minutt i naturen kan vere nok til å hjelpe oss å senke skuldrane.