Tøming og fjerning av gamle oljetankar

Har du gamle tankar du vil bli kvitt? Hugs at det er forbode å bruke fyringsolje og parafin til oppvarming frå 1. januar 2020.

Frå 1.1.2020 blir det forbode å bruke fyringsolje og parafin til oppvarming i privatbustadar, offentlege bygg og næringsbygg. 

Det finst rundt 270 000 nedgravde oljetankar i Norge i dag. Mange av desse er i ferd med å gå ut på dato. Risikoen for oljelekkasje aukar når tanken blir over 30 år. 

Eigar av oljetank har ansvar for å forebygge lekkasjar og rydde opp i eventuell lekkasje, og kommunen skal følgje opp forureining frå oljetankar.

I vårt område har vi fleire aktørar som kan fjerne både olje, tank og handtere den i eige mottak. Det som kan gjenvinnast går til nye råvarer eller energigjenvinning og miljøfarleg eller helseskadeleg avfall får ei forsvarleg handtering. 

 

Miljødirektoratet om forbodet frå 2020