Totalt bålforbod i Stryn kommune er oppheva

Det er ikkje lenger totalforbod mot å gjere opp eld utandørs i Stryn kommune grunna stor skogbrannfare.

Men hugs at det generelle forbodet mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen gjeld frå 15. april til 15. september.

Når kan eg brenne bål?

Har du spørsmål om bålbrenning ta kontakt med brannsjef John Jatgeir Vinsrygg: 917 21 629 eller overordna vakt: 917 21 631.