Treng du tak over gjødsellageret ditt? Søk SMIL-midlar

Søknadsfristen for SMIL-midlar er 1. juni. I samsvar med jordbruksavtalen 2018-2019 og vedtak i formannskapet vil Stryn kommune i år prioritere tilskot til tak på eksisterande gjødsellager. SMIL: Spesielle miljøtiltak i jordbruket 

På fleire gardar er gjødsellagera for små til at dei har 10 månaders lagerkapasitet. For å få brukt gjødsla på rett måte må ein kunne lagre gjøsla frå midt på sommaren til våren kjem. Slik det er no er det fleire som ventar til siste ordinære frist for spreiing av husdyrgjødsel med å tøme lagera, 15. september, og vi har kvart år søknader om utsett frist utover denne datoen.

Fleire har bygt ekstra lager utan tak. Med dei store nedbørsmengdene som kjem gjennom året, blir mykje av lagerplassen fyllt opp med vatn. Mange kunne ha avhjelpt litt av problemet med å bygge tak over lageret.

Som følgje av jordbruksavtalen 2018-2019 kan kommunane no løyve SMIL-midlar til etablering av dekke for å hindre nedbør i eksisterande gjødsellager. Nye lager kan støttast med tilskot frå Innovasjon Norge.

Vi ønskjer å prioritere støtte til tak over gjødsellager med SMIL-midlar i 2019 og 2020. Tilaksstrategien opnar for tilskot til forurensingstiltak, men då med forankring i forvaltingsplan for vassforekomstar. Frå 2021 skal ny tiltaksstrategi vere på plass, og vi kan då nytte erfaringane etter desse to åra for å vurdere korleis dette kan innarbeidast i strategien vidare.

For 2019 vil tilskotssatsen vere  på 40 % av godkjent kostnadsoverslag (ekskl mva)

Maks tilskot pr søkjar vil vere kroner 100.000.

Vi ynskjer om naudsynt å prioritere dette tiltaket framfor «ordinære» SMIL-saker, med det kan også i år søkjast etter gjeldande tiltaksstrategi.

Send digital søknad via ID-porten/ Altinn

Retningslinjer for tildeling av SMIL-midlar 2019 og 2020 sak 38/19 i Fsk (dok 16/2449-15)