TV-aksjonen 2020

TV-aksjonen NRK 2020 går til WWF sitt arbeid mot plast i havet. I år går TV-aksjonen av stabelen 18. oktober.

Havet er fantastisk og vi bør ta betre vare på det. Det har gjeve liv til alt levande på planeten vår. Men no er havet trua. Åtte millionar tonn plast hamnar i havet kvart år. Plasten truar ikkje berre dyra, men også menneska. Med konkrete tiltak der problema er størst skal årets TV-aksjon ta plastproblemet ved rota. Saman skal vi redusere plastutsleppa og ta vare på verdshava.

TV-aksjonen går til arbeid mot plastforsøpling i Sør-Aust Asia, der ein fjerdedel av all søpla i verdshava kjem frå. Pengane skal nyttast til å etablere og forbetre eksisterande avfallssystem for meir enn 900.000 menneske og redusere utslepp av plast til elvar og sjø med 7000 tonn årleg.
 

Korleis bli digital bøsseberar

Vil du bidra som digital bøsseberar? 

  • Registrer deg på blimed.no
  • Gjer bøssa personleg
  • Del i nettverket ditt

Når registreringa er fullført, vil du automatisk få ei digital bøsse. Denne kan du gjere meir personlig ved å endre namn og bilete om du ønskjer. Du  kan så dele den digitale bøssa i nettverka dine, anten via sosiale media, eller ved å sende sms eller epost til venner med oppmoding om å bidra.

Du kan også gje på di lokale bøsse finn di lokale bøsse her

Informasjon om digital bøsseberar
 

Kronerulling

Fjordane Friluftsråd har i år laga til ei eiga kronerulling per kg. plast som vert plukka på strender fram til TV-aksjonsdagen den 18.10. For å bli med på dette treng vi både bedrifter og privatpersonar til å delta på kronerullinga. Ein kan då bidra med eit valfritt beløp per kilo som blir samla i kommunen. Send e-post til johannes@friluftsrad.no eller ring 482 22 238, om du er interessert i å delta.

 

Korleis rydde

  • Ta med deg ryddesekkar frå eit av våre utstyrslager (Stryn kommune sitt servicekontor eller NOMIL gjenbruksstasjon Svarstad)
  • Finn ei forsøpla fjære nær deg
  • Veg sekkane med strandsøppel du plukkar og send bilde og vekt til johannes@friluftsrad.no for å få dei med i innsamlinga
  • Registrer aksjonen på Rydde og knytt aksjonen til Fjordane Friluftsråd
  • Kast strandsøpla i ein av våre utplasserte containerar;
    NOMIL Gjenbruksstasjon Svarstad
     


 

WWF: World Wide Fund for Nature/ Verdens naturfond