TV-aksjonen 2021 - delta som digital bøssebærar

I år går TV-aksjonen til Plan sitt arbeid for å bekjempe barneekteskap. Aksjonen går av stabelen søndag 24. oktober, og i år, som i fjor, kan du delta som digital bøssebærar!

Klikk for stort bileteTV-aksjonen i 2021 går til arbeid for å bekjempe barneekteskap. Foto Blimed.no  

Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort ein stad i verda. Gjennom årets TV-aksjon skal vi i saman gje jenter moglegheita til å velje si eiga framtid.

Barneekteskap er størst i Bangladesh, Nepal, Malawi og Niger. I år skal blimed.no nå ut til omlag tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap.

Lurar du på kva pengane går til? Les meir på blimed.no si heimeside.

Bli med som digital bøssebærar!

Hjartet i TV-aksjonen er bøssebærarane. Den enklaste måten å engasjere seg på er å opprette ei eiga digital bøsse og samle inn pengar i ditt eige nettverk. Slik gjer du det:

TV-aksjonen startar 24. oktober, men du kan allereie no registrere deg som bøssebærar og samle inn pengar!