UKM for Stryn og Hornindal 9. februar

Påmeldinga til UKM (ung kultur møtast) for Stryn og Hornindal er opna og blir halden open til 18. januar, før det brakar laus med forestilling i Stryn kulturhus laurdag 9. februar.

Har du eit talent du gjerne vil dele med andre? UKM er ikkje berre for dei som syng eller spelar eit instrument - uansett kva form for kunst du driv med kan du bli med! UKM er ein møteplass for ungdom og kultur, der ungdom skapar noko saman. 

Meld deg på her www.ukm.no

UKM på facebook


På UKM kan du delta med alle kulturuttrykk. Har du ein hobby? Då kan du delta! Du kan også delta bak scena eller som arrangør.

Utvelginga til juryen skjer på grunnlag av:

  • Originalitet
  • Kreativitet
  • Publikumskontakt
  • Kvalitet

Vi håpar så mange som muleg vil melde seg på og ønskjer publikum frå Hornindal og Stryn, ja kanskje endå lenger vekke, velkomen til forestillinga og kunstutstillinga som står i foajeen i kulturhuset laurdag 9. februar.