Unngå lukt frå matavfallet ditt i sommar

Sommar og varme kan bety at det begynner å lukte av matavfallet, men det finst mange tips som kan hjelpe, og om du  passar på at behaldaren står i skuggen, er mykje gjort.

  • Matavfall luktar etter nokre dagar, så all mat du ikkje et opp vil kunne bli eit luktproblem. Derfor er det best å ikkje kjøpe eller lage meir enn du faktisk et.
     
  • Sorter ut alt matavfall, då har du berre ein behaldar der det kan bli eit luktproblem.
     
  • Kast gjerne brukt tørkepapir og brukte serviettar (utan såpe) i matavfallet. Dei vil suge til seg fuktigheit frå matavfallet.
     
  • Bytt posen til matavfall ofte og knyt godt igjen så ingenting renn ut. Er du bekymra for om posen held, bruk gjerne dobbel pose.
     
  • Vask behaldarane regelmessig. Bruk gjerne salmiakk i vaskevatnet og spyl godt. Pass på at behaldaren får tørke heilt. Set den gjerne opp-ned og la den renne av seg før du tar den i bruk. 
     
  • Dersom matavfallet som suppe eller liknande er veldig vått, kan du helle det i ein brennbar behaldar, for eksempel ein melkekartong. Denne kastar du så i restavfallet. 

 

Tømmekalendar for Stryn