Utebiblioteka til Lurivar har no opna

I Stryn er utebiblioteket plassert på Leikeplassen i Tonningsbakkane. Du finn dei nynorske barnebøkene i ei fargerik postkasse som er godt merka med både potemerket til Lurivar og eige skilt.

Utebiblioteka er eit litt annleis bibliotek. Det har berre ope frå 1. mai til og med haustferien, og er sjølvbetent. Alle som kjem dit kan finne seg ei nynorsk barnebok og setje seg ned og lese i vakre omgivnader og så leggje boka tilbake igjen før dei går, seier bibliotekar Siri Beate Gjerde i Aasen-tunet i Ørsta. 

 

Les meir om utebiblioteka her