Vaksinering Covid-19 i StrynLytt til tekstenStopp avspillingVaksinasjonen mot covid-19 er i gang i heile landet, også i Stryn kommune. Dei første 30 vaksinedosane vart fordelt ut på omsorgssentera i Innvik og Stryn, og onsdag vart første vaksinene sette.Er du i prioritert gruppe vil du bli kontakta, det er ikkje nødvendig for deg å ta direkte kontakt med fastlege/ helsestasjon.Innbyggjarar i Stryn vil få tilbod om covidvaksine i samsvar med helsemyndigheitene sine anbefalingar og prioriteringar, så raskt og effektivt som det let seg gjere.Les meir om prioriterte grupper på Folkehelseinstituttet si nettside. Sist endra08.01.2021 09.45