Vårryddeaksjon tysdag 9. mars til og med søndag 14. mars 2021

Eit sikkert vårteikn er at det dukkar opp søppel i takt med at snøen smeltar, heldigvis er vi i Norge glade i vårdugnadar og fleire tusen frivillige engasjerer seg kvar vår. Den mentale gevinsten både av friluftsliv og det å gjere eit meiningsfullt samfunnsbidrag er ekstra viktig no som mange er isolerte og fråtekne den vanlege arbeidskvardagen. 

Hold Norge Rent og Stryn kommune inviterer til ny vårryddeaksjon. Aksjonen er ein del av den nye nasjonale Vårryddedagen som vert arrangert laurdag 13. mars.

Ryddeaksjonen er samkøyrt med skulane sine ryddeaksjonar. Teknisk etat leverer hanskar og søppelsekkar til barnehagar og skular.

Håpar at alle har høve til å ta sin del av oppryddingsarbeidet i naturen vår, og at vi ikkje får uventa snøfall i denne perioden.

Har du bruk for søppelsekkar/ hanskar kan du hente på kommunesenteret, Tonningsgata 4.

Kontaktperson i Stryn kommune Sonja H. Servan
sonja.servan@stryn.kommune.no

Innsamla søppel skal leverast i avfallscontainarar merka «vår-ryddeaksjon» som er utplassert her:

Grendelag

Lokalisering av container for mottak av søppel

Hjelledalen

Buda

Oppstryn

Erdalen v/Hjellekrysset

Storesunde

Busslomme Storesunde

Stryn sentrum

v/Strynehallen

Fjelli

Sagedammen

Randabygda

Stokken – Hopland

Loen

Gamlebrua ved Lofossen

Lodalen

Infotavle Bødal

Olden

Grustak v/Veidekke

Oldedalen

Brennja samdrift

Innvik

Parkeringsplass v/Fruktlageret

Utvik

På kai v/Utvik Marina

 

Kven klarar å samle inn mest søppel?
Det er utplassert totalt tolv kontainarar, og alt avfallet blir vege. Kven klarar å samle inn mest? Avfallscontainarane vert henta inn i løpet av måndag 15. mars. 

Guide til trygg rydding

Det er trygt å arrangere ryddeaksjonar så lenge gjeldande smittevernreglar blir følgde. 

  • Følg alltid siste råd fra Folkehelseinsituttet
  • Få gode tips til turen med friluftslivets koronavettregler
  • Unngå område der mange er samla og hald avstand
  • Bruk hanskar og vask hendene grundig etter ryddinga
  • Ikkje del pose eller søppelsekk med andre

Hold Norge Rent si side om vårryddedagen 13. mars
Vårryddedagen er ein regional ryddekampanje som finn stad laurdag 13. mars og skal først og fremst bidra til å fjerne marint avfall/ avfall ved vassdrag, før ferdselsforbudet trer i kraft 15. april.

Alle kan bidra

Slik deltek du på Vårryddedagen

Sjå tips og triks for trygg rydding her

Les meir om Refusjonsordninga her

Rydde – få oversikt og planlegg rydding i interaktivt ryddekart
Registrer ryddeaksjonar, sjå kvar det er forsøpling og kvar det er planlagt rydding i Rydde (ryddenorge.no)
Rydde er det nye nasjonale verktøyet for frivillig opprydding.