Varsel om oppstart av kommunedelplan for avløp og overvatn og høyring av planprogram

I handlingsdel med økonomiplan (2019) vart det vedteke å lage ein kommunedelplan for avløp og overvatn. Planen har status som ein kommunedelplan etter plan- og bygningslova. I samband med oppstart blir planprogrammet lagt ut til offentleg ettersyn i tida 02.07.19 – 10.09.19 på Servicekontoret til Stryn kommune i Tonningsgata 4.

I samsvar med plan- og bygningslova 2008, §§ 11-12 og 11-13 blir det varsla oppstart av arbeid med kommunedelplan for avløp og overvatn i Stryn kommune. Føremålet med planen er å sjå på utfordringar og løysingar knytt til privat og offentleg infrastruktur for avløp og overvatn.

Vedtak og planprogram (PDF, 272 kB)

Send skriftleg merknad til Stryn kommune v/sektorutval for tekniske saker, Tonningsgata 4, 6783 Stryn, eller postmottak@stryn.kommune.no innan 10.09.19

Sektorutvalet, tekniske saker, 11.06.19, sak 043/19 og Formannskapet, 12.06.2019 sak 096/19.