Varsel om oppstart av planarbeid - detaljregulering Geilevegen

Planområdet ligg nord for Stryn sentrum og omfattar Geilevegen frå krysset Geilevegen – Setrevegen (Smia) og til u-svingen ved Tonningskamben med tilstøytande eigedomar. Frist for innsending av innspel: 5. mars 2019.

Føremålet med detaljreguleringa:

Vegbreiddeutviding og oppgradering av vegstrekning og VA-anlegg.
Utarbeiding av tekniske planar for vatn og avløp og for handtering av overflatevatn.


Bakgrunnen for oppstart av planarbeidet:

I kommunedelplan for Langeset – Stryn – Storesunde er det vedteke at Tonningskamben skal nyttast til bustadareal. Aktuell vegstrekning skal vere ein av to tilkomstvegar til Tonningskamben. Planarbeidet vert starta opp mellom anna for å sjå om det er mogleg å nytte vegen som tilkomst, og kva konsekvensar dette vil få.


Det vart halde oppstartsmøte med kommunen og utførande plankonsulent den 30.01.19. Arbeidet med planframlegget er i samsvar med vedteken overordna plan/kommunedelplan. Planen utløyser dermed ikkje krav om planprogram og konsekvensutgreiing, jfr plan- og bygningslova §§4-1 og 4-2.
Grunneigarar innafor planområdet vert varsla direkte.

Oppstartsdokument kan du sjå her, søk på 2019003


Innspel som kan ha verknad for planarbeidet, sendast til:
Nordplan AS, pb 224, 6771 Nordfjordeid eller på e-post: abr@nordplan.no

med kopi til Stryn kommune v/sektorutvalet for tekniske saker, Tonningsgata 4, 6783 Stryn
eller på e-post: postmottak@stryn.kommune.no

Frist for innsending av innspel er sett til 5. mars 2019.

Tiltakshavar er Stryn kommune
Utførande plankonsulent er Nordplan AS
Planområdet er på om lag 50 daa.

Arbeidet med detaljregulering for Geilevegen i Stryn vert starta opp i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8.

Sjå kartskisse med markert planavgrensing: