Varsel om oppstart av planarbeid – utviding av eksisterande masseuttak på Moldreim

Aaland Arkitektkontor AS har, på vegne av Moldreim Skifer AS, starta opp planarbeid for utviding av eksisterande masseuttak på Moldreim i Utvik.

Føremålet er uttak av naturstein og skifer. Planområdet ligg mellom eksisterande masseuttak og søraustre del av Moldreimselva. Dette er eit privat planframlegg, så innspel til det oppstarta planarbeidet skal sendast til Aaland Arkitektkontor.

Evt. merknader eller innspel til planarbeidet skal sendast skriftleg til post@aalark.no  innan 29. juni.