Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid for Storelva bru i Utvik, Stryn kommune

Statens vegvesen startar no arbeidet med reguleringsplan for fylkesveg 60, Storelva bru i Utvik. Brua, som vart rasert i flaum ifjor, skal byggast oppatt. Frist for innspel/ merknader til planen er 1. november.

Statens vegvesen gjer med dette kjent at det i samsvar med § 3-7 og § 12 - 8, i plan- og bygningslova blir starta arbeid med reguleringsplan for fylkesveg 60, Storelva bru i Utvik.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for oppattbygging av Storelva bru som vart rasert i flaumen i juli 2017. Oppstartsvarslet er sendt til grunneigarar og offentlege instansar. I tillegg blir det varsla med annonse i avisa Fjordingen.

Kartet viser planområdet med raud strek.

Klikk for stort bilete

 


Dersom du har innspel eller merknader til planarbeidet, ber vi om at dette blir sendt innan 1. november 2018 til:

Statens vegvesen
Region vest, Askedalen 4
6863 LEIKANGER
eller til:
firmapost-vest@vegvesen.no

Har du spørsmål? Kontakt Gun-Mari Ødegård på tlf. 97 73 88 44.