Varsling om spyling av hovudvassledningar ved Stryn sine kommunale vassverk

Stryn kommune gjennomfører regelmessig reingjering av hovudvassedningane i kommunen. Her kan du lese meir om arbeidet som blir gjort for og sikre god vasskvalitet i kommunen.

Kommunalteknisk avdeling i Stryn kommune gjennomfører regelmessig reingjering av dei kommunale hovudvassledningane. Dei som bur i dei aktuelle områda som skal reingjerast vil som hovudregel bli varsla i forkant via telefon/sms. Spyling av vassledningsnettet kan medføre dårlegare vasstrykk og vasskvalitet i spyleperioden.
 

Korleis?

Ved reingjering vert det spylt store mengder vatn for å oppnå ei hastigheit der vatnet dreg med seg avleiringar og reingjer ledninga. I enkelte tilfelle køyre vi ein skumplugg i vassrøra som effektivt skrubbar med slam og avleiringar på innsida av rørveggen.
 

Kvifor?

Kommunen reingjer hovudvassledningsnettet for å hindre groing og for å sikre god vasskvalitet i kommunen sitt vassledningsnett. Systematisk ledningsreingjering er eit viktig tiltak for å forbetre vasskvaliteten i ledningsnettet og forebyggje episodar med misfarga vatn. Spylinga kan føre til trykkforandringar når spylinga pågår. Det kan og bli ein del brunt vatn hos abonnentane. Dette er partiklar som består av rust humus (organisk stoff) som har løsna i ledningsnettet. Kor mykje av ledningsnettet som skal reingjerast, og kor ofte er svært avhengig av den gjennomsnittlege farten i ledningsnettet.

Målet med ledningsreingjering er å fjerne laust materiale i nettet som kan gje vasskvalitetsproblem, og å bytte ut gammalt vatn i endeledningar med lite forbruk. Etter at spyling er avslutta er det viktig at alle abonnentar spylar ut sine private ledningar ved å tappe kaldt vatn så nær inntaket som muleg, for eksempel utekran/kjellarkran til det kjem klart vatn. Dersom ein tappar varmt vatn vil ein kunne dra misfarga vatn inn i varmtvannsberedaren.
 

Kvar og når?

Område der vassledningane skal spylast blir varsla med telefon/ sms.
 

Kva skal du gjere?

Medan spylinga pågår kan vasstrykket bli dårlegare, og nokre abonnentar kan bli heilt utan vatn. Det blir anbefalt å  ikkje nytte maskiner som brukar vatn under spylinga, samt å avgrense tappinga frå vassledningsnettet til eit minimum. Dersom huseiger brukar vatn samtidig som spylinga pågår, kan dei få grumsete vatn inn i huset. Misfarga vatn kan og forekome etter at arbeidet er avslutta. Det er derfor, for abonnentane si sikkerheit, anbefalt at stoppekrana til eigedommen blir stengt av i det varsla tidsrommet. Prøv då å tappe kaldt vatn, helst frå første tappestad etter hovudstoppekran/ inntaket i bygget, og la vatnet renne til det blir klårt.
 

Varsling på sms/ telefon:

Abonnentar som har telefonnummer registrert på aktuell adresse vil bli varsla med telefonvarslingssystemet Varsling 24. Det er derfor veldig viktig at ein har registrert telefonen på riktig adresse. Abonnentar som har registrert mobilen på jobb, eller er unnateke nummeropplysning, vil ikkje motta melding.

Her kan du lese om systemet og registrere deg i Varsling 24

Det kan og vere viktig at vaktmeisterar (ev. andre ansvarlege) får varsel når det er aktuelt. Det er muleg å legge inn nummer på fleire adresser i databasen, sånn at ein kan få varsel for alle aktuelle adressene ein har.
 

Tips ved vassavstenging, ledningsbrot og spyling av ledningsnett

For at spyling skal medføre minst muleg belastning for abonnentar har vi sett opp ei liste med gode råd:

  • Tapp opp vatn til hushaldninga på førehand, og fyll opp bøtter til reservevatn for toalett.
  • Hald alle vasskraner stengde den aktuelle perioden spylinga skjer.
  • Når vatnet er tilbake, kan det vere brunt som følgje av belegg som løsnar i røra. Du bør då tappe ut kaldt vatn frå den krana som er nærast vassinntaket til bustaden. Ta ev. ut silen i krana.
  • Unngå å tappe varmt vatn for å forhindre grums inn på varmtvannstanken.
  • Reingjer silen på tappekraner og vassmålar.
  • Det kan vere lurt å vente med vask av klede, inntil vatnet er reint.


Ved spørsmål kontakt:

Driftsleiar vatn og avløp: 907 44 068

Va vakttelefon: 992 88 620

Avdelingsleiar kommunalteknikk: 481 22 311