Vedtak i namnesaka Haugen og Haugasætra/ Tyvasætra

Statens kartverk har gjort vedtak i namnesakene over Gildestad, Gildestadelva, Haugen, Haugtun, Haugafossen, Haugasætra/ Tyvasætra.

Kartverket Bergen har vedteke at namna skal skrivast slik:

Gildestad (gard 116)
Gildestad (bruk 116/1)
Gildestadelva (bekk)
Haugen (gard 72)
Haugen (bruk 72/1)
Haugtun (bruk 72/2)
Haugafossen (foss)
Haugasætra (sidenamn) / Tyvasætra (sidenamn) (seter/støl)

Vedtaket er gjort med heimel i § 5 tredje ledd i lov om stadnamn.

 

 

 

Klage på namnevedtak

Når ei namnesak er avslutta, er det ein klagefrist på tre veker. Det er dei same som har rett til å reise namnesak, som har rett til å klage. Klagen skal sendast til den som har gjort vedtaket.

Les om klage på namnevedtak her