Velferdsteknologidag i Stryn kulturhus 12. juni

12. juni skjer det i kulturhuset kl. 11.30 og 15.30. Og det handlar om framtida til alle som bur i kommunen vår. Nemleg å bruke teknologi til å gjere livet heime godt, forutsigbart og enkelt. Og det skal handle om teknologi som gjer kommunale omsorgstenester betre, tryggare og gjev større meistring og sosial deltaking.

VELFERDSTEKNOLOGI er eit langt ord, men med eit viktig innhald. Velferdsteknologi handlar om å gje personar med hjelpebehov betre livskvalitet, auka tryggheit og større mulegheit til å klare seg på eiga hand.

Dei to samlingane i kulturhuset vil vere identiske og slik gjere det lett for flest muleg å kome. Det blir korte, interessante innlegg om velferdsteknologi og om kvifor dette er så viktig i tida som kjem. 

Midt i kvar samling blir det pause der vi kan prate, drikke kaffi og besøkje produkt-standar i foajeen.

Det vil kome meir informasjon om Velferdsteknologidagen i Stryn i tida som kjem.

Sett av dagen allereie no!

 

Velferdsteknologi blir delt inn i fire hovudkategoriar:

  1. Tryggleiks- og sikkerheitsteknologi
  2. Kompensasjons- og velvereteknologi
  3. Teknologi for sosial kontakt
  4. Teknologi for behandling og pleie