Velkomen til foreldrekurs
Stryn Helsestasjon startar opp ny foreldregruppe måndag 3. februar kl 14.00-15.30. Gjennom foreldregrupper kan du møte andre foreldre for å utveksle erfaringar. Kurset er særleg anbefalt til foreldre med barn i førskulealder (frå 4 mnd alder).
Stryn helsestasjon- og skulehelseteneste ønskjer alle småbarnsforeldre velkomne til kurs. Foreldrerettleiingskurset Circle of Security (COS), tryggheitssirkelen, gjev foreldre verktøy for å betre forstå kva behov borna har, kva signal dei gjev og kva vi kan gjere for å møte behova betre.
• Kurset er gratis
• 7-8 samlingar på 1,5 time
• Inntil 10 personar
• Læringa føregår gjennom videoklipp, samtaler og erfaringsutveksling, refleksjon og å prøve teori ut i praksis
• Du vel sjølv kor mykje du ønskjer å dele i gruppa
• Deltakarane må ha norskkunnskap
PÅMELDING innan 23. januar:
Ring Stryn helsestasjon 57 87 69 99 eller send
e-post til stryn.helsestasjon@stryn.kommune.no
Sist endra 10.01.2025 14.20