Velkomen til Kulturnatt!

I år kan du ta fredagstacoen i kulturhuset 11. november frå kl 15.00. Etter det går det slag i slag med mykje kulturelt påfyll utover kvelden. Alt programmet, også konserten med DamJam på Visnes Låve, er gratis. Kulturavdelinga håpar alle stryningar, store som små, tek turen og får med seg det varierte programmet kulturnatta byr på i år!

Fredagstaco kostar 180 per vaksen, 95 for born mellom 10-14 år og 60 for dei under 10.

Laurdag vert det lansering av Strynesoga bind I for bygdene Hopland/Rand/Fjelli/Blakset/Markane og Faleide! Det vert servert kake og kaffi!

NB: Kor-i-Vikja som skulle underhalde på omsorgssenteret i Innvik er blitt forhindra, men vi er så heldige at Anders Magne Vik stiller opp og underheld der kl. 14.30.