Vil du bli med å bestemme kva helsetenester vi skal ha i framtida?

Vi har starta arbeid med ny kommunedelplan for helse, sosial og omsorg. I arbeidet med planen ynskjer vi å få innspel frå deg som er innbyggjar i kommunen.

I første omgang ynskjer vi å gjere dette i form av opne møter. Det er planlagt følgjande møter:

  • Torsdag 14. nov kl. 19.00, Innvik (Heimlund)
  • Onsdag 4. des. kl. 18.00, Stryn (Kulturhuset)

Hensikta med møta er å få innspel til planen ut frå det planprogrammet som er vedteke politisk. Vi ynskjer å få innspel frå dykk i starten av arbeidet slik at innspela kan kome til reell anvending. Det vil ikkje bli eit møte der de får konkrete svar, vi opnar heller ikkje til diskusjonar om einskildhendingar eller liknande. Planen handlar om framtida og vi legg vekt på at det er innspel til tenestutforminga vi må få innspel på.

 

Her kan du sende inn dine forslag