Vil du påta deg eit viktig samfunnsverv? Bli meddommar

I år skal kommunestyret velje meddommarar og skjønnsmedlemmar for perioden 1. januar 2025-2028. Ønskjer du å stille? Kom innom kommunesenteret, eller fyll ut og send inn skjemaet. Frist for å melde seg er 15. april 2024.

Kommunen skal velje meddommarar til tre ulike utval: 

- Meddommarar til lagmannsretten – eit utval for kvinner og eit for menn, jf. domstollova § 64 

- Meddommarar til tingretten – eit utval for kvinner og eit for menn, jf. domstollova § 65

- Meddommarar til jordskifteretten – eit utval med like mange kvinner og menn, jf. jordskiftelova § 2-5 

Kommunen skal også fremme forslag til skjønnsmedlemmar som skal veljast av fylkeskommunen. Domstolane vil gje beskjed til kommunen om tal meddommarar som skal veljast til kvart utval seinast 1. mars 2024.
 

Informasjon frå Norges Domstoler om å vere Meddommar 

 

Kva er oppgåvene til ein meddommar?

Meddommarar er vanlege innbyggarar som er med på å ta avgjersler i rettssaker. Som meddommar kan du rekne med å bli innkalt éin til tre gangar i året. Dei fleste rettssaker varer frå éin til tre dagar, men enkelte saker kan vare lenger.

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og vanlegvis får du fri frå jobb for å utføre vervet. Dersom du taper arbeidsforteneste, får du erstatning for denne.

Vervet som meddommer innebærer at du er ein av fleire meddommarar som skal dømme saman med juridiske fagdommarar.
 

Kven kan bli meddommar?

Lovverket stiller krav til kven som kan veljast til meddommar i Stryn kommune.
Nokre av desse krava er at

  • du er folkeregistrert i Stryn kommune
  • du er over 21 år og under 70 år ved start av valperioden 01.01.2025
  • du snakkar og forstår norsk
  • du er statsborgar i Norge eller eit anna nordisk land, eller har stått innført i folkeregisteret som busett i Norge dei tre siste åra
  • utvalet skal bestå av like mange kvinner og menn
  • utvalet skal ha ei allsidig samansetjing, slik at det best muleg representerer alle deler av befolkninga
     

Sjå krav til vandel og kva stillingar du ikkje kan ha i domstolloven §70-72
 

Frist for å melde seg er 15. april 2024:


Du kan melde di interesse ved å fylle ut dette skjemaet
 

Vi treng namn, adresse og telefonnummer, fødsels- og personnummer.
Utdanning, yrke og arbeidsgjevar.