Ystekurs i Førde og på Nordfjordeid

Er du mjølkebonde med interesse for foredling? Eller har du interesse for ysting og kan tenkje deg å starte eit handverksysteri? Bli med på ystekurs 8. april i Førde eller 9. april på Nordfjordeid. Det er same program begge kursdagane. Påmeldingsfrist er 1. april.

Kursdagane er meint å gje inspirasjon og innsikt i kva det vil seie å foredle mjølk og kva som trengs til etablering av eige ysteri. Verdsmeisteren Jørn Hafslund frå Ostegården i Fana kjem og inspirerer, i lag med Anne Karin Hatling frå Skjerdal Støylsysteri og Aud Slettehaug frå Kompetansenavet Lokalmat Vest.

Kursa er lagt ut på www.landbrukskurs.no under kursoversikt og du finn artikkel hos Fylkesmannen i Vestland her .

Fylkesmannen i Vestland arrangerer kursa i samarbeid med Kompetansenavet, Sogn og Fjordane Bondelag og Noregs Bonde- og Småbrukarlag.

Informasjon, bilder og påmelding

Treng du meir informasjon kontakt Fylkesmannen i Vestland

Marit Hjortung
marit.hjortung@fylkesmannen.no
90 61 95 92