Interkommunalt samarbeid

Interkommunale samarbeid - Klikk for stort bilete

Stryn kommune deltek i ei lang rekke med interkommunale samarbeid. Dette er både formelle og uformelle samarbeid. Det meste av samarbeidet er med dei andre kommunane i Nordfjord: Bremanger, Eid, Hornindal, Selje, Vågsøy og Gloppen.

Her er ei oversikt over interkommunalt samarbeid der Stryn er med:

Nordfjordrådet
Overordna politisk samarbeidsorgan. Alle kommunane er Nordfjord er med.

Nordfjord Miljøverk (NoMil)
Interkommunalt renovasjonsselskap med hovudkontor på Sandane. Alle kommunane i Nordfjord er med.


Nordfjord Havn IKS
Interkommunalt hamnesamarbeid med hovudkontor i Måløy. Alle kommunane i Nordfjord, unnateke Hornindal er med.

Kommunerevisjonen i Nordfjord (PDF, 14 kB)
Interkommunal revisjon med hovudkontor i Stryn. Alle kommune i Nordfjord, unnateke Bremanger er med.

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane IKS
Interkommunal sentral med ansvar for brannmelding i Sogn og Fjordane med hovudkontor i Florø. Alle kommunane i fylket er med.

Kommunenett Nordfjord
IKT-samarbeidet i Nordfjord. Alle kommunane i Nordfjord er med.

Andre samarbeidsorgan med kommunar der Stryn er med:

Konfliktrådet i Sogn og Fjordane

Dyrevernsnemnda for Indre Nordfjord

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane

Tilsynsutvalet for Jostedalsbreen Nasjonalpark

Publisert av Karen Stølen. Sist endra 08.11.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn Tlf. 57 87 47 00 postmottak@stryn.kommune.no
Login for redigering