Helsestasjon for ungdom

Sjukepleiar - Klikk for stort bilete

Helsestasjon for ungdom (Hfu) er eit gratis tilbod for gutar og jenter mellom 13 og 20 år. Det er eit supplement til skulehelsetenesta.
På Hfu i Stryn kan du treffe lege, helsesøster eller jordmor.
Hfu er eit drop in tilbod der ungdom kan kome med små eller store helsespørsmål.
Stikk innom i opningstida - ingen timebestilling.

Hfu har ulike informasjonsbrosjyre til ungdom tilgjengeleg.

Stad:
Helsestasjonen i Stryn, Rognehaugen 11. Dette er i 2. etasje ved Politiet, Tonning vest.

Kontaktinformasjon:
Tlf.: 57876999. Telefax: 57876989

Opningstid:
Tirsdagar kl. 14.30 - 16.30, stengt i skuleferiar

Vi tilbyr samtale / rettleiing om:
Seksuell helse og prevensjon: kjønnssjukdomar, graviditet og abort, seksuell legning, Seksuelle overgrep
Førebygging av kjønnslemlesting og tvangsekteskap
Rus og røykeslutt
Ungdom og psykiske helse som for eksempel angst og depresjon
Vanskelige familieforhold
Vold
Trivsel/ mistrivsel, mobbing
Sorg og krise
Søvn
Ernæring, matvanar, kropp, vekt og spisefortyrrelsar
Fysisk aktivitet
Utvikling og pubertet

Prevensjon:
Informasjon om og resept på ulike prevensjonsmidlar
Gratis kondomar

Vi utfører
Graviditetstest
Klamydiatest

Nokre gongar
er det godt å ha ein vaksen å snakke med sjølv om ein ikkje har eit spesielt problem - du er like velkomen! Det kan også vere ting som er utfordrande og vanskeleg i livet.

Hfu er eit tilpassa og lett tilgjengeleg tilbod for deg som er ung, også samarbeid mot skule og foreldre kan vere aktuelt. Dei som jobbar der har teieplikt.

Oppgåvene er i tråd med:
Helse -og omsorgstenestelova, 2012
Sosial og helsedirektoratet, 2003, Kommunens helsefremmende og forebyggande arbeid i helsestasjon og skulehelsetenesten. Veileder til foreskrift av 3.april 2003.
Foreskrift om rekvirering og utlevering av legemidler, 2002.

Helsestasjon for ungdom
KontaktinformasjonTelefonTelefaxAdresse
Helsestasjonen i Stryn57 87 69 9957 87 69 89Rognhaugen 11, 6783 Stryn
Publisert av Britt Tomasgard. Sist endra 06.10.2016
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn Tlf. 57 87 47 00 postmottak@stryn.kommune.no
Login for redigering