Kulturstipend for ungdom

Stryn kommune sitt kulturstipend vert lyst ut årleg. Stipendet vert delt ut i desember på kommunestyret sin årlege julemiddag.

Kulturstipend 2009
Tildeling av Kulturstipend 2009 til Johannes T.Bøe og Ørjan Fjellkårstad

Retningsliner for kulturstipend i Stryn kommune:

7.1. Ungdommens kulturstipend kan delast ut til personar som er busett i Stryn kommune eller på annan måte har nær tilknyting til kommunen.

7.2. For å bli kandidat må ein ha synt at ein fortener karakteristikken "lovande" innan sitt felt. Lovande skal sjåast i høve til nasjonalt, eventuelt internasjonalt mål, innafor kulturfelt som song, musikk, teater, litteratur, biletkunst, dans, idrett, kulturvern osb.

7.3. Det er inga aldersgrense for å få stipendet, men det er ein føresetnad at vedkomande er i utvikling - oppover mot eit visst nivå.

7.4. Ein kan ikkje få stipendet meir enn ein gang.

7.5. Skule- og kulturutvalet vurderer og gjer vedtak om stipendet skal delast ut og til kven.

7.6. Stipendet er ein kronesum fastsett av skule- og kulturutvalet for kvar tildeling. I tillegg får prisvinnaren eit diplom.

Søknadsfrist vert lyst ut i Fjordingen og på heimsida til Stryn kommune, i oktober kvart år.

 
Publisert av Myrtel Janne Thomassen. Sist endra 11.05.2010
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn Tlf. 57 87 47 00 postmottak@stryn.kommune.no
Login for redigering