Representant for barn og unge i planlegging (BUR)

Kommunevåpen (lite) - Klikk for stort bilete

Etter plan- og bygningslova er det krav om at kommunestyret skal etablere ei særskilt ordning for å ivareta barn og unge sine interesser i planlegginga.

I møte 25.01.2012 gjorde kommunestyret slikt vedtak:
Avdelingsleiar for kultur skal vere barn og unge sin representant i planlegginga i Stryn kommune. Avd.leiar barnehage skal vere vararepresentant.

Barn og unge har særlege rettar i forhold til plan- og bygningslova. Det skal takast omsyn til interessene deira i arealplanlegginga. Kommunane skal også vurdere eigne planar i forhold til dei interessene barn og unge representerer, og sjå til at "Rikspolitiske retningsliner for å styrke barn og unges interesser i planleggingen"(RPR) blir følgde.
Kva er Rikspolitiske retningsliner?

Synleggjere og styrke barn og unge sine interesser i all planlegging og byggesakhandsaming etter plan- og bygningslova

Gje kommunane betre grunnlag for å integrere og ta i vare barn og unge sine interesser i planlegging og handsaming av byggesaker

Gje eit grunnlag for å vurdere saker der barn og unge sine interesser kjem i konflikt med andre hensyn/interesser

I Stryn kommune er desse valde til å ta vare på barn og unge sine interesser i planlegginga:

BUR:
Myrtel Janne Thomassen tlf. 57 87 47 53
epost: myrtel.thomassen@stryn.kommune.no
Vara:
Malin Carlsson tlf. 57 87 47 54

Publisert av Myrtel Thomassen. Sist endra 28.10.2013
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn Tlf. 57 87 47 00 postmottak@stryn.kommune.no
Login for redigering