Stryn ungdomsråd

Det vart i kommunestyret 09. oktober 2000 vedteke å starte opp Ungdommens kommunestyre (UKS) i Stryn. UKS skal ha 11 representantar. I 2012 endra vi namn til Stryn ungdomsråd (SU)

Stryn ungdomsråd - Klikk for stort bilete

SU skal vere slik samansett:
Frå Stryn ungdomsskule:
3 representantar - 3 personlege vara

Frå Olden skule:
3 representantar - 3 personlege vara

Frå Stryn vidaregåande skule:
3 representantar - 3 personlege vara.

2 representantar m/vara vert valde utanom elevråda ved at det vert sendt inn forslag til første møte i SU etter nyval. Alle ungdommar mellom 13 og 20 år som har lyst til å vere med kan søkje. Forslag/søknader skal sendast inn gjennom eit av elevråda i kommunen.

SU har faste møter i Stryn kulturhus, der dei tek opp ulike saker til handsaming. Representantar frå Su møter i regionale og fylkeskommunale organ/samlingar. Døme på dette er fylkestinget for ungdom på Hermansverk.

Representantar i SU vert valde i september kvart år og valperioden fylgjer skuleåret.

Det er avsett eigne midlar i budsjettet for SU.

Ungdomskontakten er kontaktperson for SU i Stryn kommune .

Publisert av Karen Stølen. Sist endra 31.03.2014
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn Tlf. 57 87 47 00 postmottak@stryn.kommune.no
Login for redigering