I dag, onsdag 19. mai,  kan du følgje digitalt møte om områdereguleringa for Stryn sentrum. Møtet blir frå kl. 15.00 til 16.30.

Klikk her for å delta i møtet

 

Gjennom fleire møte vart innhaldet i ein heilskapleg plan for Stryn sentrum diskutert. Folk møtte for å bli orientert om planarbeidet, men framfor alt for å gje innspel til tema det må handle om dersom planen skal verte eit tenleg styringsreiskap for samfunnsutviklinga, og legge til rette for eit endå betre sentrum i Stryn. Kommunen og konsulentar noterte flittig og får ei krevjande oppgåve med å systematisere og følgje opp innspela.