Plaprogram områderegulering Stryn sentrum


Tettstaden Stryn er avgrensa mellom Riise bru i aust, Grønevik i vest, Visnes i sør og Tonningbakkane i nord, og har eit folketal på omlag 2600 innbyggjarar. Dette utgjer rundt 35 % av folketalet i kommunen som per 1. kvartal 2018 var 7195. Over mange år har det skjedd ei intern sentralisering i kommunen der folketalet i utkantbygdene har gått nedover, og tilsvarande auka i tettstadane Stryn og Loen. SSB sine framskrivingar av folketalet tilseier at folketalet i 2040 vil auke til 7800. Det er grunn til å tru at den indre sentraliseringa held fram og at ein større del av folkeveksten kjem i Stryn sentrum. Områdereguleringa har som mål å trekkje opp langsiktige og påreknelege retningslinjer for vidare utvikling av Stryn sentrum.
 

Planprogrammet for områderegulering Stryn sentrum vart vedteke i kommunestyret 22.august 2018.

Planprogram for områderegulering Stryn sentrum