a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Opnar for opp til 15 meter på fv. 60 i Utvik

Statens vegvesen - Klikk for stort bilete

Fv. 60 i Utvik blir opna for kontinuerleg kolonnekøyring  for bilar inntil 15 meter. Det gjeld frå klokka 14.00 i dag, og vogntog kan ikkje passere.  ventetid på inntil 1 time.

 

-Vi har no fått tilstrekkeleg oversikt over skadar og fått utbetra det som er nødvendig for at vi kan setje på tyngre trafikk. Det er mykje skadar på vegen over Utvikfjellet i tillegg til skadane i området rundt bruene. Det er skadar som svekkar bæreevna til vegen. Dette har vi no kontroll over og kan setje på tyngre og lengre køyretøy, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.

 

Vegen er å rekne som einvegskøyrt, og det blir difor styrt trafikkavvikling og ledebil. Bilistane må rekne med ventetid på inntil 1 time.

 

Til å begynne med kan skiltinga vere noko misvisande einskilde stader, då det kan ta litt tid å få oppdaterte skilt på plass.

 

 

Kontaktperson i Statens vegvesen:

Svenn Egil Finden

Avdelingsdirektør vegavdeling Sogn og Fjordane

Tlf. 951 48 614



 

Publisert av Anna Bringsvor Egedahl. Sist endra 11.08.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering