a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Opptak i barnehage og SFO 2017/2018

Kommunevåpen (lite) - Klikk for stort bilete 1. mars 2017  er fristen for søknad om plass i barnehage og skulefritidsordning (SFO).

 

 

BARNEHAGEOPPTAK 2017/2018

Kommunale barnehagar:

VIKANE BARNEHAGE, avd. Innvik og Utvik, LOEN BARNEHAGE,

NORDSIDA BARNEHAGE, OLDEN BARNEHAGE, OPPSTRYN BARNEHAGE,

RAND BARNEHAGE, TONNING BARNEHAGE,

VIKALIDA BARNEHAGE

Private barnehagar:

STRYN BEDRIFTSBARNEHAGE A.S

MINIDOFFEN FAMILIEBARNEHAGE
 

Utvida opningstid:

Vikalida barnehage tilbyr utvida opningstid dersom minimum 6 barn melder eit behov.

Dei foreldra som ønskjer dette, må sende søknad til e-postadresse: postmottak@stryn.kommune.no. Barn med opphaldstid ut over ordinær opningstid må betale høgare månadssats.

Aktuell opningstid kan vere 0700 – 1900, med maksimal opphaldstid 9 timar per dag.

Endring av barnehageplass:

Barn som har plass i barnehage søkjer på nytt dersom dei ønskjer å endre tilbodet

(auke/redusere).

Om foreldrebetaling:

Foreldrebetaling er betaling for opphald og kost i tråd med forskrift for foreldrebetaling.

For nærare opplysningar sjå heimesida til Stryn kommune eller ta kontakt med den enkelte barnehage.

Korleis søkje barnehageplass:

Stryn kommune tilbyr elektronisk søknad om barnehageplass. Du finn denne tenesta på heimesida til Stryn kommune:

Søknadsfrist er 1. mars 2017.

Dersom du treng hjelp til å søke eller tilgang til datamaskin, får du dette ved å oppsøke servicekontoret i Kommunesenteret, alle kommunale barnehagar eller Stryn Folkebibliotek.

Skule- og kultursjefen

OPPTAK SKULEFRITIDSORDNING 2017/2018

Korleis søkje plass på SFO:

Stryn kommune tilbyr elektronisk søknad om plass på SFO .  

eller www.sophusportalen.no. Her finn de informasjon om tilboda, «Vedtekter for SFO» og «Satsar for foreldrebetaling SFO»

Alle elevar på barnetrinnet kan søkje.

Krinsar med SFO-tilbod skuleåret 2017/2018:

Innvik, Loen, Olden, Oppstryn og Tonning.

Elevar som har plass i SFO søkjer på nytt dersom dei ønskjer å endre tilbodet

(auke/redusere).

Søknadsfrist er 1. mars 2017.

Skule- og kultursjefen

 

 

 

 

 

 

Publisert av Anna Bringsvor Egedahl. Sist endra 10.02.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering