a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Opptak i barnehage og skulefritidsordning (SFO) 2018/ 2019

1. mars 2018 er fristen for søknad om plass i barnehage og skulefritidsordning (SFO).

Kommunale barnehagar:
VIKANE BARNEHAGE, LOEN BARNEHAGE, NORDSIDA BARNEHAGE, OLDEN BARNEHAGE, OPPSTRYN BARNEHAGE, RAND BARNEHAGE, TONNING BARNEHAGE, VIKALIDA BARNEHAGE

Private barnehagar:
STRYN BEDRIFTSBARNEHAGE AS
MINIDOFFEN FAMILIEBARNEHAGE

BARNEHAGEOPPTAK 2018/ 2019

 

Utvida opningstid:

Vikalida barnehage tilbyr utvida opningstid dersom minimum 6 barn melder eit behov.

Dei foreldra som ønskjer utvida opningstid, må sende søknad til e-postadresse: postmottak@stryn.kommune.no
Barn med opphaldstid ut over ordinær opningstid må betale høgare månadssats.

Aktuell opningstid kan vere 07.00 – 19.00, med maksimal opphaldstid 9 timar per dag.

Endring av barnehageplass:

Barn som har plass i barnehage søkjer på nytt dersom dei ønskjer å endre tilbodet (auke/ redusere).

Om foreldrebetaling:

Foreldrebetaling er betaling for opphald og kost i tråd med forskrift for foreldrebetaling.

For nærare opplysningar sjå www.stryn. kommune.no eller ta kontakt med den enkelte barnehage.

Korleis søkje barnehageplass:

Stryn kommune tilbyr elektronisk søknad om barnehageplass på www.stryn.kommune.no

Søknadsfristen er 1. mars 2018.
Treng du hjelp til å søkje, eller tilgang til data, får du det på Servicekontoret i Tonningsgata 4, 3. etasje.

OPPTAK SKULEFRITIDSORDNING 2018/ 2019

 

Korleis søkje plass på SFO:

Stryn kommune tilbyr elektronisk søknad om plass på SFO på www.stryn.kommune.no

Her finn de informasjon om tilboda, vedtekter og satsar for foreldrebetaling. Alle elevar på barnetrinnet kan søkje.

Krinsar med SFO-tilbod skuleåret 2018/2019: Innvik, Loen, Olden, Oppstryn og Tonning.

Elevar som har plass i SFO søkjer på nytt dersom dei ønskjer å endre tilbodet (auke/ redusere).

Søknadsfristen er 1. mars 2018.
Treng du hjelp til å søkje eller tilgang til data, får du det på servicekontoret i Tonningsgata 4, 3.etg.

Kommunalsjef skule og kultur

Publisert av Anna Bringsvor Egedahl. Sist endra 02.02.2018
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering