a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Pleie og omsorg

Demens - Klikk for stort bilete

Pleie og omsorgstenestene i Stryn er delt i 2 geografiske område; Stryneområdet og Vikaneområdet, i tillegg til eiga avdelinga for tenester til funksjonshemma.
Dei to geografiske områda har tenestebase ved kvart sitt omsorgssenter.

Strynområdet
Brukarar med postadresse Hopland, Blaksæter, Stryn, Loen, Oppstryn og Hjelledalen.

Vikaneområdet
Brukarar med postadresse Olden, Oldedalen, Innvik og Utvik.

Tenester for funksjonshemma
Funksjonshemma brukarar med omfattande bistandsbehov, uavhengig av bustadadresse.

Pleie- og omsorgstenestene omfattar:

Heimehjelp
Eldre og uføre som treng praktisk hjelp i huset kan på visse vilkår få heimehjelp.
Heimehjelpa vert til ein viss grad også nytta til personleg hjelp og hygiene.

Heimesjukepleie
Personar som pga. sjukdom treng medisinsk hjelp og pleie og som kan bu heime, kan få naudsynt hjelp av heimesjukepleien.

Tenester for funksjonshemma
Funksjonshemma med stor bistandstrong for å klare seg i dagleglivet kan få heimeteneste/burettleiing. Det er også ulike dagtilbod og avlastingstilbod. Brukarane har psykisk utviklingshemmming, omfattande psykiske lidingar eller andre funksjonshemmingar. For meir informasjon sjå ulike artiklar nedanfor.

Matombringing
Frå Stryn og Vikane omsorgssenter kan eldre og uføre som bur heime og som sjølv ikkje klarer å lage seg mat får kjøpe seg middag eller få middag køyrt heim til seg.

Tryggleiksalarm
Kommunen har tryggleikalarmar for utleige. Sjå artikkel nadanfor med meir informasjon

 

Bufellesskap med heildøgns tenester/ Institusjon
For brukarar med omfattande trong for pleie og omsorg har kommunen 63 institusjonsplassar som vert nytta både til korttid- og langtidsopphald:


Institusjon
For brukarar med omfattande trong for stell, omsorg og pleie har kommunen 88 institusjonsplassar som vert nytta både til korttid- og langtidsopphald:

Stryn omsorgssenter 32 plassar
Vikane omsorgssenter 31 plassar

Ved Stryn omsorgsenter er det også 40 bustader  i bufellesskap med heildøgns tenester.

Ved behov, ta kontakt med omsorgssenteret i ditt geografiske område.
Plassane vert prioritert av felles inntaksnemd for begge institusjonane.

I tillegg til dette rår kommune over ein del andre tilbod for eldre, sjuke og funksjonshemma. Det er meir informasjon i artiklane nederst på sida:
- Trygde- og omsorgsbustader
- Tekniske hjelpemiddel
- Omsorgsløn
- Psykisk helsearbeidarteneste
- Avlasting og dagtilbod for funksjonshemma
- Dagtilbod psykiatri
- Stryn arbeidssenter
- Følgjekort for funksjonshemma
- Dør-til dør-transport
- Parkeringsløyve for rørslehemma


Betalingssatsar for ulike tenester

Brosjyre - kreftomsorg og lindrande behandling (PDF, 211 kB)

Brosjyre- kreftkoordinator (PDF, 430 kB)

Publisert av Berit Wetlesen. Sist endra 08.11.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering