Vi ønskjer nye innbyggarar velkomne

Når du flytter til Stryn får du ei helsing frå ordføraren.

Vi gleder oss over kvar og ein som veljer Stryn som si nye heimkommune. Det er eit mål at du skal få gode tenester her alt etter kva behovet ditt er.

Ordføraren sender denne helsinga til alle nye som flyttar til Stryn:

Stryn kommune ønskjer deg hjarteleg velkomen til kommunen. Stryn er ein kommune i vekst med årleg ny tilflytting, og vi håpar alle føler seg velkomne. Vår oppfordring er at de tek kommunen i bruk. Her er ein fantastisk natur med gode vilkår for friluftsliv. Her er eit rikt kultur- og organisasjonsliv med mange tilbod og mulegheiter.

Stryn kommune legg vekt på å utvikle gode tenestetilbod til alle innbyggarane. På vår nettside www.stryn.kommune.no kan du finne informasjon om dei tenestene vi tilbyr innbyggarane, og ikkje nøl med å ta kontakt. Her er og anna informasjon som kan vere nyttig for deg. På servicekontoret vårt i Kommunesenteret, Tonningsgata 4, 3. easje, kan du få hjelp og informasjon. Har du ikkje tilgang til eigen PC med netttilgang, kan du bruke ei av maskinene i servicekontoret eller i Stryn Bibliotek som ligg i Hegrevegen 1.

Vi er stolte av kommunen vår og vi håpar du finn deg til rette her. Kommunen sitt hovudmål er at Stryn kommune skal vere ein god stad å bu og virke i.

 

Med vennleg helsing

Sven Flo

-ordførar-

 

Hello, and Welcome to Stryn!

 

The municipality of Stryn heartily welcomes you to our area. Stryn is a flowering community with asteadily growing population, and we really hope that everybody will feel at home here. We encourage you to make use of the possibilities you find in this area. Stryn has beautiful and varied scenery with excellent opportunities for different kinds of outdoor life. We can offer you a variety of cultural organizations with different activities.

Stryn municipality lays stress on developing good service for all inhabitants. On our website www.stryn.kommune.no you will find information about the services we offer our inhabitants, and please do not hesitate to contact us. Here might also be other information that can be useful for you. At our seviceoffice in our town hall, Kommunesenteret, Tonningsgt. 4, 3rd floor, you can get help and information. If you do not have access to a PC with internett, you can use one of our computers at our service office or at Stryn Library (Stryn Bibliotek) situated at Hegrevegen 1.

We are proud of our municipality, and we really hope that you will feel at home here. The main aim of our municipality is: Stryn municipality shall always be a nice place to live and work in!

 

Yours faithfully

Sven Flo
-mayor-