Inkluderingsutvalet

Inkluderingsutvalet har som hovudoppgåve å setje fokus på og ta opp saker som skal hjelpe til med at vi får ei best mogleg inkludering og minst mogleg utanforskap i Stryn kommune.

Utvalet skal jobbe for at Stryn kommune blir ein stad der det er plass for alle, der vi behandlar kvarandre med respekt på tvers av religion, seksuell legning, livssyn og meiningar. Utvalet skal jobbe for forståing og mot segregering og radikalisering.

Mandat
Inkluderingsutvalet vil vere eit rådgjevande organ der medlemane har møte og talerett i saker der det er naturleg at dei blir tekne med på råd i andre politiske utval, formannskap og kommunestyre.

Medlemmer
Det er valt 5 medlemer med personlege vara til utvalet. Det skal veljast ein leiar og ein nestleiar for utvalet. Flyktningtenesta vil fungere som sekretariat for utvalet.

Inkluderingsutval 2020 - 2023

 

Samansetjing
Utvalet skal ha ei samansetning som best mogleg tek vare på grupper som har eit ekstra behov for å bli sett. Flyktningar, arbeidsinnvandrarar, religiøse minoritetar og menneske som har vanskar med å kome seg inn på arbeidsmarknaden.

Val
Utvalet blir valt for kommunestyreperioden. Det er den politiske valnemnda som set saman og vel utvalet utifrå fylgjande prioritering:

Minst eitt medlem skal representere flyktningar

Minst eitt medlem skal representere arbeidsinnvandrarar

Minst eit medlem skal representere andre utsette grupper

To medlemmer kan bli valde inn på fritt grunnlag, men ein må ha med seg i vurderinga at det skal vere eit medlem frå minst ein religiøs minoritet.

Møtefrekvens
Utvalet skal ha møte fast to gongar i året. Utanom dette vil utvalet kunne bli innkalla dersom det er saker det er naturleg dei har uttale på, eller når utvalet sjølve ynskjer å setje saker på dagsorden.  

Godgjersle
Utvalet vil bli godtgjort etter same mal som Råd for eldre og funksjonshemma.

Anna kommunal medverknad
Utvalet vil kunne få gjennomgang av aktuelle saker frå den/dei i administrasjonen saka høyrer inn under. Ordførar/varaordførar har møte og talerett og utvalet og kan bli invitert i saker der dette er ynskjeleg. Elles står dei fritt til å møte når dei har anledning og ynskjer å vere til stades i møta.


Saker der utvalet skal høyrast

  • Plansaker – I plansaker vil det vere naturleg å inkludere utvalet. Dette vere seg alt frå planer for idrett, kultur og friluftsliv, til planer som omfattar utbygging av områder og tilrettelegging for bustadar. I samfunnsdelen av planverket vil utvalet ha ei viktig røyst.
  • Saker der inkludering/utanforskap skal opp i utval/formannskap/kommunestyre
     

Forventningar og utfordringar til kva utvalet kan jobbe med og setje fokus på

  • Næring – korleis skaper vi eit inkluderande arbeidsliv?
  • Skule – Korleis legg vi eit skuleløp som best mogleg tek vare på alle og gjev best mogleg undervising? Etter og vidareutdanning for vaksne?
  • Korleis inkludere alle best mogleg i fritidstilbod?
  • Korleis finne samarbeidsløysingar som kan skape betre tilbod og miljø for alle?
  • Korleis spreie kunnskap og forståing mellom ulike grupper og folkeslag i kommunen?
  • Korleis best mogleg nå alle med informasjon frå kommune, organisasjonar og arbeidsliv?
  • Korleis skape forståing og respekt mellom ulike religionar og kulturar?
  • Korleis kunne legge til rette for at flest mogleg får prøve seg i arbeidslivet?
  • Korleis blir Stryn kommune ei kommune utan utanforskap og einsemd?
  • Korleis involvere flest mogleg og best mogleg
     

Samfunnsaktør

Utvalet vil og kunne ha ei viktig rolle for å legge til rette for møteplassar, gode samtaler og arrangere konferansar der viktige tema for betre inkludering blir teke opp. Til dette vil det vere avsett kr 15000,- i budsjett kvart år til gjennomføring.