EigedomsskattLytt til tekstenStopp avspilling Med heimel i Eigedomsskattelova §§ 2 og 3 første ledd bokstav a) skriv Stryn kommune ut eigedomsskatt i heile kommunen for skatteåret 2023. Generell skattesats for 2023 vert sett til 3,4 promille , jf. Eigedomsskattelova § 13. Eigedomsskattesatsen skal betalast i fire terminar, jf. eigedomsskattelova § 25. Eigedomsskatten vert skriven ut etter reglane i Eigedomsskattevedtekt for Stryn kommune, vedteke av Stryn kommunestyret 25.02.2013. jf. eigedomsskattelova § 10. Siste allmenne taksering i kommunen vart gjort i 2018. Etter Eigedomsskattelova § 7 bokstavane a) og b) fritek kommunestyret heilt eller delvis eigedomane opplista i vedlegg. Andre eigedomar som kjem under fritaksregelen i Eigedomsskattelova § 7 bokstav a) og b kan få fritak etter søknad Årleg eigedomsskattevedtak 2023 (PDF, 132 kB) (PDF, 138 kB) Fritak Eigedomsskattelova § 7 2023 (PDF, 249 kB) Sist endra 15.09.2023 14.30