Gebyr etter matrikkellova og eigarseksjonslova

Gebyr etter matrikkellova 2021

1.1 OPPRETTING AV MATRIKKELEINING, ML § 5


1.1.1 Oppretting av grunneigedom og festegrunn, ml § 5 a) og e)

 

Areal frå 0 – 500 m² 11 500 kr
Areal frå 501 – 2000 m² 18 400 kr
Areal frå 2001 m² – auke pr. påbegynt da 1 500 kr
Punktfeste Medgått tid


Oppmålingsforretning til veg-, landbruks- eller allmennyttige- føremål reknast etter medgått tid i samsvar med pkt 1.8. Areal til utbyggingsføremål som skal frådelast, og som skal inngå i eit større samanhengande areal for å ordne hefter, pant og heimel og som seinare skal delast opp i høvelege tomtar etter stadfesta reguleringsplan eller utbyggingsplan, kan reknast etter medgått tid i samsvar med pkt 1.8.
 

1.1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn ml § 14, m.forskr. § 31 og oppretting av grunneigedom på heil teig, ml § 10, m. forskr § 42.

Fakturering etter medgått tid. Minstegebyr 4 200 kr. Krev forretninga måling i terrenget, skal gebyret fakturerast som for oppretting av grunneigedom 1.1.1.
 

1.1.3 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon, eigarseksjonsl § 11 og § 13, m. forskr. §35
 

Areal frå 0 - 50 m² 6 800 kr
Areal frå 51 - 250 m² 8 400 kr
Areal frå 251 - 2000 m² 11 000 kr
Areal frå 2001 m² - auke pr påbegynt da 700 kr



1.1.4 Oppretting av anleggseigedom, ml § 5c og 11, m. forskr § 29
 

Volum frå 0 – 2000 m³ 17 18400 kr
Volum frå 2001 m³ – auke pr. påbegynt 1000 m³ 1 500 kr


 

1.1.5 Registrering av jordsameige, ml §14, m. forskr. §§ 28 og 32.

Fakturering etter medgått tid. Minstegebyr er 4000 kr.
 

1.2 Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning ml § 6 andre ledd m. forskr §§ 18 og 25.


1.2.1 Utsett frist for fullført forretning

Rekvirenten kan søkje om matrikkulering med utsett frist for fullføring av oppmålingsforretninga. Søknaden kan vere ein del av rekvisisjonen eller som eige sak.

Søknad om utstett fullføring som eiga sak 600 kr

Fakturerast elles etter satsane for aktuell sak, jmf. 1.1.1, 1.1.2, 1.1.4 og 1.1.5.


1.2.2 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering

Dersom ei sak vert trekt før ho er fullført, må avvisast, ikkje let seg matrikkelføre på grunn av endra heimelstilhøve eller av andre grunnar ikkje kan fullførast, vert det kravd gebyr tilsvarande 1/2 av satsane.


1.3 Grensejustering, ml § 16, m. forskr § 34



1.3.1 Grensejustering av grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Som hovudregel kan det søkjast om grensejustering av inntil 5 % av dei aktuelle eigedomane sine areal, maksimalgrense 500 m².

Areal frå 0 – 250 m² 7 400 kr
Areal frå 251 m² 9 500 kr



1.3.2 Grensejustering av anleggseigedom

For anleggseigedom kan volumet justerast inntil 5 % av anleggseigedomen sitt volum, maksimal grense 1000 m³.

Volum frå 0 – 250 m³ 7 400 kr
Volum frå 251 m³ 9 500 kr



1.4 Arealoverføring, ml § 15, m.forskr. § 33


1.4.1 Arealoverføring av grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Rettar, pant m.v. skal vere avklara og rydda før gjennomføring. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneformål.

Areal frå 0 – 500 m² 12 600 kr
Areal frå 500 – 2000 m² 19 400 kr
Nytt påbegynt 1000 m² fører til auke av gebyret på 1 500 kr

Arealoverføring til vegformål vert rekna etter medgått tid i samsvar med pkt. 1.8.
 

1.4.2 Arealoverføring av anleggseigedom

For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining til ei anna, - ikkje vere registrert på ei tredje matrikkeleining. Volum kan overførast til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanføying er til stades. Matrikkeleininga skal utgjere eit samanhengande volum.

Volum frå 0 – 500 m³ 12 600 kr
Volum frå 0 – 500 m³ 19 400 kr
Nytt påbegynt 1000 m² fører til auke av gebyret på 1 500 kr

 

1.5 Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatfesta ved oppmålingsforretning, ml § 17, m.forskr. § 36
 

For 1. punkt 3 600 kr
For overskytande grensepunkt, pr. punkt 1000 kr



1.6 Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare er koordinatfesta, ml § 17, m.forskr § 36
 

For 1. punkt  6 300 kr
For overskytande grensepunkt, pr. punkt  1 500 kr

 

1.7 Privat grenseavtale, eksisterande grense, ml § 19, m.forskr. § 44

Fakturering etter medgått tid

Minstegebyr for registrering 2 200 kr

Krev forretninga måling i terrenget, skal gebyret fakturerast etter 1.1, 1.3, 1.4 eller 1.6.
 

1.8 Gebyr etter medgått tid

Timepris for gebyr etter medgått tid 1020 kr/t

Matrikkelføring for Statens vegvesen vert fakturert etter medgått tid.
 

1.9 Betalingsreglar

Gebyr skal betalast etter reglar og satsar på rekvisisjonstidspunktet. Rekvirenten er ansvarleg for at gebyret vert betalt. Krav om gebyr vert sendt før matrikkelføring. For arbeid som ikkje krev matrikkelføring vert krav sendt når arbeidet er utført. Formannskapet kan etter søknad dispensere frå reglane i dette gebyrregulativet.
Kommunen fullfører rekvisisjonar utan ugrunna opphald normalt innan fristen på 16 veker. Ved grunna opphald, inklusiv lokal forskrift (1.11-15.3) forskyv fristen seg. Overskriding av fristen medfører avkorting av gebyra i samsvar med matrikkelforskrifta.


1.10 Endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka

Gjer rekvirenten under saksgangen endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka, vert gebyret oppretthalde. Medfører endringa meirarbeid i høve til rekvirert sak, vert dette fakturert etter medgått tid.


1.11 Utskrift av matrikkelbrev, ml § 30, m.forskr. § 17

Matrikkelbrev inntil 10 sider 175 kr
Matrikkelbrev over 10 sider  350 kr

Satsane vert fastsett av Statens kartverk, jmf m. forskr. § 17.4.
 

1.12 Andre utlegg

Utlegg til tinglysingsgebyr, eventuell dokumentavgift, pantefråfall og utskrifter ut over det kommunen har fri tilgang til, kjem i tillegg til gebyr for den einskilde forretning. Gebyr for arbeid etter eigarseksjonslova § 15 2020.


1.1 Seksjonering og reseksjonering

Seksjonering og reseksjonering vert rekna etter medgått tid i samsvar med pkt. 1.8.
 

1.2 Situasjonsplan/dokument etter matrikkellova for grunnareal til seksjon

Der det inngår grunnareal i ein seksjon, skal det i tillegg til gebyr etter 1.1, betalast gebyr for oppretting av uteareal på eigarseksjon pkt. 1.1.3 under gebyr for arbeid etter matrikkellova, jmf. eierseksjonsloven §§ 7 og 9.


1.3 Ny handsaming av avslegen søknad

Der fornya søknad om seksjonering eller reseksjonering fører til godkjenning eller nytt avslag, skal halvparten av tidlegare betalt gebyr koma til frådrag dersom søknaden kjem til kommunen innan tre månader etter dato for avslag.


Betalingsregulativ for kopiering, utplotting og skanning av teikningar og kart 2020


1. Skanning, kart, teikningskopiering/ plott på kvitt papir, svart/ kvit pr. stk:

Format A 4 Kr. 3,-
Format A 3 Kr. 6,-
Format A2, A1, A0 Kr. 126,-
For kvar ekstra kopi printa ut samstundes A2 – A0: Kr. 50,- pr.stk.


Kart, teikningskopiering/ plott på kvitt papir, i farge pr. stk:

Format A 4 Kr. 34,-
Format A 3 Kr. 39,-
Format A2, A1, A0 Kr. 252,-
For kvar ekstra kopi printa ut samstundes A4 og A3 Kr. 6,- pr.stk.
For kvar ekstra kopi printa ut samstundes A2 og A0 Kr. 50,- pr.stk.

 

2. Digitalt kart (vektordata) på SOSI eller DXF format.
For kopi av digital kartbase (vektordata) levert i digital form i SOSI eller DXF-format: Gebyr etter Statens kartverk sin priskalkulator

3. Kopi av skyldskifte og målebrev kr.175,-
Kartvedlegg til søknad om tiltak er innbaka i sakshandsamingsgebyret. Det skal reknast mva i tillegg til prisane i gebyr for kopiering, utplott, skanning.

For einskilde oppgåver etter matrikkellova er betalingssatsar fastsett i lov eller forskrift (m a utskrift av matrikkelbrev, forskrift § 16,4). For andre oppgåver er det ikkje gjeve heimel for å krevje gebyr, m a forskrift § 16, 2-3 og kap 11. Matrikkellova legg til grunn at kommunen kan få dekt sine samla utgifter for oppgåver etter lova gjennom dei gebyrheimlane lova gjev.