Gebyrregulativ for feiing og tilsyn

Gebyrregulativ 2023, feiing/tilsyn, Stryn kommune (eksklusiv mva).

Bustadhus, utleigehytter, fritidshus:

Tilsyn med fyringsanlegg:
Bueining med ei pipe. Tilsyn 4. kvart år: (minimumsgebyr) kr. 324,- pr. år.
Tillegg pr. ekstra bueining med eldstad, i same hus: kr. 111,- pr. år.
Feiing:
Feiing av ei pipe 4. kvart år: kr. 108,- pr. år.
Feiing av ei pipe 2. kvart år: kr. 215,- pr. år.
Feiing av ei pipe kvart år: kr. 431,- pr. år
Tillegg for ekstra pipe: (Vert feia etter behov) kr. 215,- pr. gang.
(Minstegebyret pr. år for ein vanleg husstand med feiing og tilsyn kvart 4 år vert kr. 432,- + mva, og det som er mest vanleg med feiing kvart 2 år, og tilsyn kvart 4 år vert kr. 539,- + mva pr år )

Feie / tilsynsgebyr fritidshus:
Hytter / fritidshus med heilårsveg,straum,vatn,kloakk : kr. 540,- pr år
Hytter / fritidshus – dei som ikkje kjem under dei over : kr. 432,- pr år
Sel: (registrert i Matrikkel ): kr. 272,- pr år
Kontroll/feiing etter pipebrann (inkl. kamera): kr. 1377,- pr. gang.
Kontroll av nyanlegg/nymontering: kr. 1377,- pr. gang.

Forretningsbygg, kombinertbygg, hotell, fabrikkar, skular til og med 4 etasjar:
Tilsyn med fyringsanlegg 4. kvart år:

Arbeid med tilsyn av pipe og fyringsanlegg: Kr.1297,- pr. gang (kr. 324,25,- pr. år i 4 år).
Tillegg for ekstra bu/driftseining med eldstad: Kr. 440,- pr. gang (kr. 110,- pr. år i 4 år).

Feiing:
1 pipe pr. bygning: Kr. 861,- pr. gang.
2 eller fleire piper pr. bygning: Kr. 539,- pr. gang.

For piper med lengde over 15 meter: 25% tillegg. Tilfeldige konsulentoppdrag inkl. bruk av inspeksjonskamera: Kr. 608,- pr. t. + kr. 4,00 pr. km.
Minstesats: Kr.1185,- + mva.
Det vert ikkje kravd betaling (utanom minimumsgebyret for husstanden) for ekstrapiper som av ymse grunnar (til dømes lite bruk) ikkje vert feia.
Huseigar som etter varsel frå feiaren ikkje har klargjort for feiing eller tilsyn av pipe/fyringsanlegg, slik at feiaren får ekstratur, kan påleggast å dekke ekstrautgiftene for feievesenet, min. kr. 608,- + mva. Områder med fleire objekt samla f.eks campingplass/utleigehytter skal ha same måte å berekne avgift som einebustad med utleigedel.