Renovasjonsgebyr og tilleggsgebyr

Renovasjonsgebyr for 2019

Stryn kommunestyre godkjende i KS-134/18 eit tilleggsgebyr til renovasjonsgebyret for 2019 på kr. 20,- pr. abonnement for alle som har leveringsadresse i Stryn kommune.

Tilleggsgebyret skal dekke dei faktiske utgiftene knytt til avskrivning og kalkulatoriske renter av statusverdien for Åsane Avfallsplass, og til prøvetaking og analyser i samband med etterbrukskravet for avfallsplassen.