Skulefritidsordninga (SFO) foreldrebetaling

Dette kostar SFO:

1. Fullt tilbod (inntil 26 t/v, alle dagar inkl.) kr. 2775,- pr. mnd
2. Redusert tilbod (inntil 20,5 t/v) kr. 2195,- pr. mnd
3. Redusert tilbod (inntil 17 t/v) kr. 1825,- pr. mnd
4. Kort tid tilbod (inntil 10 t/v) kr. 1355,- pr. mnd

 

Tilbodet (4) føreset avtale med SFO om regelmessig bruk
Det vert gjeve søskenmoderasjon på 30% for søsken nr. 2, og 50% frå og med søsken nr. 3.
Følgjande reglar gjeld for søskenmoderasjon:
Det barnet/ barna som har billegaste tilbod, får moderasjon.


5. Enkle dagar:

Enkle heile dagar kr. 325,- per dag/ Enkle halve dagar kr. 165,- per dag.

Desse tilboda gjeld etter avtale med SFO ved uføresette tilhøve. Det kan ikkje kjøpast faste einskilddagar.


6. Betaling for kost:

5 dagar i veka kr. 100,- pr. mnd.
4 dagar i veka kr. 80,- pr. mnd
3 dagar i veka kr. 60,- pr. mnd
2 dagar i veka kr. 40,- pr. mnd
1 dag i veka kr. 20,- pr. mnd


Samarbeidsutvala ved den enkelte skulen må avgjere om dei vil tilby kosttilbod.

7. Månadssats:

Månadssatsen gjeld for 10 månader pr. år.
Satsane gjeld i høve det inntaket som vert gjort, ikkje i høve utnytting av tildelt plass.

8. For sein henting av barn:

Sein henting kostar kr 150,-
Dersom barn vert henta for seint meir enn fire gonger per skuleår, må den som hentar for seint, dekke skulefritidsordninga sine lønskostnader for tilsett som går overtid.