Utleigeprisar skular og barnehagar

Utleigesatsar for skular og barnehagar:

1. Gratis disposisjon 

1.1  Kommunale møte, møte i skulen/barnehagen sin regi.
Skulane/ barnehagane kan fritt brukast av kommunale organ. Skulane/ barnehagane sine organ og møte/ tilstellingar i skulen/ barnehagen sin regi, herunder skulekorps, disponerer skulelokala/ barnehagelokala fritt.

1.2  Vaksenopplæring i studieorganisasjonane.
Kommunen stiller lokale gratis til dispensasjon for studietiltak som får statstilskot - reinhald er her medrekna.  Jfr. § 21 Undervisningslokale, i Lov om vaksenopplæring. Dei vil få gratis leige som svarar til timetalet dei får statstilskot for.

1.3  Skuleklassar o.l.
Skuleklassar, skulekorps og skuleidrettslag som er på besøk, elevutveksling, får gratis overnatting.  Dette gjeld ikkje deltaking på stemne og skuleklassar på skuletur.

1.4  Vask og tilsyn.
Dei som har gratis leige av skulane må sjølve syte for tilsyn og reinhald etter avtale med skulen



2.   Betalande leigetakarar

2.1  Lag og organisasjonar.
Lag og organisasjonar som leiger lokale til møteverksemd eller som arrangerer inntektsgjevande tilskipingar.

2.2  Sals- og næringsverksemd.
Leigar som brukar skulelokala til sals- og næringsverksemd.

2.3  Gymnastikksalar/ kroppsøvingsrom.
Lag som leiger kroppsøvingslokale til organisert treningsaktivitet.

2.4  Utanbygds leigetakarar.
Utanbygds leigetakarar betaler leige ved bruk av skulane.

2.5  Overnatting
Grupper som leiger skulane/ barnehagane til overnatting, bortsett frå dei som fell innunder pkt 1.3. betaler leige.

3.   Utleigesatsar

3.1  Kroppsøvingsrom/ gymnastikksalar.
       Store salar: (Stryn ungdomsskule, Olden, Innvik)
       - Timepris:  kr 195
       - Per arrangement (ettermiddag/kveld):  kr 725
       

Små salar: (ved dei andre skulane)
       -  Timepris: kr 125
       -   Per arrangement (kveld):  kr. 365

Leiga inkluderer bruk av dusjar/ garderobar og straum. Dersom berre garderoben (utan dusj) vert nytta, betalar laga halv pris. Vask er ikkje medrekna.

     Store barnehagar (Tonning og Vikalida):
     - Timepris kr. 195
     - Per arrangement kr. 725
     - Bruk av kjøken kr. 260

     Resten av barnehagane
     - Timepris kr. 125
     - Per arrangement kr. 360
     - Bruk av kjøken kr. 140

3.2  Klasserom/ aktivitetsrom i barnehage.
       Pris per møte:  kr 125

3.3 Inntektsgjevande arrangement
      Leige: 5%  av brutto omsetning minimum kr 365

3.4  Sals- og næringsverksemd.
       Leige vert fastsett for kvart tilfelle etter omfang. Skule- og kulturutvalet  tek avgjerd.

3.5  Overnatting.
      Overnatting med tilgang til toalett, garderobe/dusj, straum til koking etc. 
      Pris per 
deltakar  per døgn:  kr 75

3.6  Leige over fleire dagar.
Leige som strekkjer seg over meir enn tre dagar vert handsama einskildvis etter omfang. Samarbeidsutvalet avgjer utleiga. Rådmannen fastset leigepris.

3.7  Vask og tilsyn.
       Eventuell vask og tilsyn kjem i tillegg til satsane under dette avsnittet.

3.8    Betaling for tilrettelegging av lokale, PC, kanoner, bord, stolar ol., vert fakturert til ein timepris på kr 355

4.    Administrasjon

4.1  Oppgjer for utleige:
Økonomiavdelinga i kommunen sender ut rekningar til leigetakarane etter oppgåver frå skulane/ barnehagane. Frist for innsending av oversikt frå skular og barnehagar er 1. juni og 1. desember.