a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Regional plan for kultur 2019 - 2027

Fotocollage planprogram regional plan for kultur.jpg - Klikk for stort bilete

Korleis skal Stryn kommune bli eit kulturelt kraftsentrum?

Send dine forslag til Sogn og Fjordane fylkeskommune og bli med å forme den kulturelle framtida.

Fristen for å kome med innspel og merknader er 1. desember 2017.

Fylkeskommunen har laga regional plan for kultur med framlegg til mål, plantema, organisering og framdrift. Planprogrammet foreslår kultur for alle som overordna mål for kulturplanen. Planen skal handle om korleis kulturfeltet kan bidra til å skape gode lokalsamfunn og legg vekt på betydinga av å utnytte og vidareutvikle kulturelle kraftsenter i fylket.

To hovudtema
1. Kulturelle ressursar og verdiskaping

Her vil planen dreie seg om kulturell infrastruktur, kulturarv og produksjon og formidling av kunst og kultur. Ei viktig problemstilling er korleis vi i større grad kan få ringverknader av fyrtårna på kulturfeltet og gjennom dei stimulere til ny aktivitet.

2. Deltaking og oppleving
Her handlar det om korleis vi kan målrette arbeidet for å nå prioriterte målgrupper. Å leggje til rette for tidleg engasjement er grunnleggande for å gi alle barn og unge reelle moglegheiter til å delta i kulturaktivitetar. Planen vil vidare ha som tilnærming at ulikskap er ein ressurs som bidreg til mangfald og fellesskap.

Innspel og merknadar kan sendast anten på e-post til post@sfj.no (skriv e-sak 17/7812 i emnefeltet) eller via skjema nede på heimesida til fylkeskommunen.

Publisert av Unni Skåre. Sist endra 04.10.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering