a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Skal du arrangere kulturminnedag?

Kulturminnedagar på Huseby gård (bilde frå kulturvern.no).jpg - Klikk for stort bilete

Hugs å melde arrangementet ditt til www.kulturvern.no innan torsdag 10. august.

Kulturminnedagane nærmar seg med stormskritt, og over heile landet vert det planlagt mange spennande arrangement. Det komplette programmet for årets kulturminnedagar blir publisert i slutten av august, og vil bli marknadsført både på nasjonalt og lokalt plan. Alle registrerte arrangørar vil motta ein pakke med plakatar, handbok og marknadsføringsmateriell.

I tillegg vil alle som har registrert arrangement innan 10. august bli vurdert som kandidat til Kulturminnedagsprisen. I år vil vi plukke ut fem kandidatar som blir presentert i forkant av Kulturminnedagane. Ein av desse vil bli tildelt prisen på kr. 30.000,-

Kulturminnedagsprisen skal gå til den arrangøren som enten ved årets program og/eller ved innsats over tid best har oppfylt målet for Kulturminnedagane om «å tilgjengeliggjøre kulturminner for allmennheten og bidra til å skape forståelse og interesse for kulturminner og kulturmiljøer.»

Kulturminnedagane vert arrangerte frå 9. til 17. september 2017.

 

Publisert av Unni Skåre. Sist endra 07.08.2017
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering